top of page
  • Facebook
  • Instagram

Handverk og tradisjon, i eitt med naturen

Velkomen til garden Skarbø ved Storfjorden på Sunnmøre.

Her byggjer åttande generasjon, Kristine og Carlos, på lange tradisjonar og solid handverk for å gi deg uforgløymelege smaksopplevingar.

ost-bg-1.jpg
devider.png

Vår ost - upasteurisert pasjon

Osten vår er ysta av heilt fersk, upasteurisert mjølk frå dei tjue kjekke kyrne våre. Osten får god tid til å modnast i ein naturleg sval steinkjellar slik at smaken vert rik og fyldig. Den vellagra osten Soleglad fekk bronsemedalje i Oste-VM 2018/2019.

devider.png

Vår sider - perlande glede

Når haustsola blinkar i bakkane, plukker vi saftig frukt og pressar fersk most. gjennom fredfylt vinterstid vert most til edel sider. Eple frå fine tradisjonssortar gir sideren vår ein særeigen smak og karakter.

CG6A8220-scaled.jpg
bottom of page